Steinhaugvegen

Steinhaugmarka - Vedlikeholdsvenleg og moderne to- og firemannsbustader til sals – sentralt i Sveio sentrum.

Prisantydning 3340000-3895000 ,-

Omkostninger 12217 ,-
Totalpris 3352217-3907217 ,-
Primærrom 67-83 m²
Bruksareal 77-91 m²
Soverom 2
Boligtype Leilegheit/tomannsbustad
Eieform Selveier

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Telefon 98289939 E-post bs@valvatne.no

Kort om prosjektet

Steinhaugmarka ligg i hjerte av Sveio sentrum. Området er solrikt, ligg sørvent til og gir kort avstand til alt som sentrumskjernen har å by på. Her har me for sal 18 bueiningar fordelt på 5 innhaldsrike tomannsbustader og 2 firemannsbustader.

Sjå www.steinhaugmarka.no for meir informasjon

Om bustadene

Steinhaugmarka ligg i eit område der Blink Hus Valvatne har drevet med utbygging dei siste 15 åra. Her får du gjennomgåande høg standard, to soverom, alt på eitt plan med vedlikshaldsvenleg fasade og vindu. Det følgjer carport med tomannsbustadane.

Bustadene på Steinhaugmarka passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her kan førstegongsetablerarar med små born få den gode starten på familielivet, og her kan seniorar som vil kvitta seg med einebustaden, men ikkje heilt slepp på hagen finna seg vel til rette.

Det er lagt vekt på vedlikehaldsvenlege overflater utvendig på bustadane. Utvendig kledning er ferdig behandla frå fabrikk, leverandøren beskriv ein kledning for “barske forhold” og som ser ut som den har vert "ute ei vinternatt før”.

I tillegg blir da nytta vindu med aluminiumsinndekning som kun gir vasking som vedlikehold. Arkitektane har hatt fokus på ein moderne fasade som skil seg litt ut - dette gjelder for samtlige bustader.

Illustrasjon av bolig

Tilvalsmoglegheiter og endringar

Kjøpar kan innanfor gitte rammer velja andre produkt enn det som her er beskrive som standardprodukt. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne dette gjennom avgrensa typar av parkett, fliser, frontar på kjøkeninnreiing, benkeplate, innvendige dører og farger på vegg og himling. Dette gjeld dersom du bestemmer deg for kjøp tidleg i byggefasen.

Lampetypar, punktantall og plassering kan endrast. Slike endringar vil i dei fleste tilfelle medfører priskonsekvens.

Uteområdet

Det er opparbeida leikeareal vest for utbygginga som nærleikeplass til området. Her kan dei minste leike trygt i barnevennleg omgjevnader. Innkøyrsel/tun og parkeringsplassar vert asfaltet. Det blir montert kantstein mot plen. Storparten av tomta opparbeidast med sådd grasbakke. Gjesteparkeringsplassar vert oppmerka.

Illustrasjon av boligprosjekt