STORD: Langelandsstølen - kun éin einebustad att i ein av Stords mest populære bustadfelt

Primærrom 122 m²
Bruksareal 127 m²
Soverom 3
Antall etasjer 2
Boligtype Einebustad
Eieform Eier (Selveier)
Energimerking B

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 E-post bs@valvatne.no
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 E-post at@valvatne.no

Boliger

Velkommen til Langelandsstølen!

På Langelandsstølen har du handel, natur, skular og fritidsaktivitetar tett på. Midt i blinken for familiar som ønskjer enkel logistikk i kvardagen, så det vert meir tid til kvarandre og dei viktige tinga i livet.

I eit solrikt, sentralt og triveleg bumiljø på Langelandsstølen – like aust for Heiane – har Blink Hus Valvatne for sal fem moderne og praktiske einebustader med carport, tre soverom og ekstra luftig stove/kjøken. Nå er det kun 1 igjen! Sjå FINN annonsen for meir informasjon

Tett på naturen

På Langelandsstølen bur du så å seia på dørstokken til Skiphaugen og Landåsen, eitt av dei mest populære utfartsområda på Stord med turløyper, eventyrsti, gapahuk og badevatn. Du har også kort veg til fine badeplassar ved sjøen.

Tett på heiane

Ein kort spasertur mot vest ligg Heiane, Sunnhordlands største handelssenter, med det aller meste av butikkar og tenester. Leirvik, med alt bysentrumet har av handels-, service-, utelivs- og kulturtilbod, ligg berre vel fem minutts køyring unna.

Tett på skulane

Her er det berre nokre få minutts trygg skuleveg til barneskulen på Langeland, og om lag ti minutt på sykkel til Stord ungdomsskule og dei ulike utdanningstilboda Stord vidaregåande skule har på Vikahaugane og Vabakkjen.

Bustadene

Dei fem moderne og mellomstore einebustadene ligg sørvestvendt, lyst og fint til - midt i feltet. Blink Hus sine arkitektar har lagt vekt på å gi bustadene funksjonelle og godt utnytta areal i begge høgder, så her får barnefamiliar som vil bu sentralt «mykje hus for pengane».

I andre etasje utgjer ei romsleg, kombinert stove og kjøken på 49 m2 det meste av arealet. Stova har ekstra takhøgde som gir luftig og god romfølelse, noko som vert forsterka av framifrå lysinnslepp frå store vindaugsflater. Etasjen inneheld vidare bad, entre og trapp ned til første etasje. Stove, kjøken og entre vert bygd med listefrie overgangar mellom tak og veggar, og det vert listfrie vindaugskarmar i stove/kjøken.

Frå stova er det også utgang til ein romsleg og skjerma balkong på 15 m2, og i bakkant av balkongen har du ei 4,5 m2 sportsbod og carport.

Første etasje (underetasjen) inneheld tre soverom, bad, vaskerom, bod og hall med trapp. Utanfor vert det planert ein triveleg terrasseplatting, og i bakkant av denne får du inngang til sportsbod nummer to (4,5 m2).

Dei nøkkelferdige bustadene vert leverte med kjøken frå JKE med kvitevarepakke frå Siemens e.l. Bada vert innreia med flisemønstra baderomspanel, flisa golv og baderomsmøblar frå Svedberg. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne også ei rikhaldig liste med tilvalsmoglegheiter for materialval og innreiing dersom du bestemmer deg for kjøp tidleg i byggefasen. Kvar bustad får balansert ventilasjon med varmegjenvinning, for god energiutnytting. I bygginga av husa vert det lagt vekt på lufttetting og god isolasjon, i tråd med gjeldande tekniske forskrifter

Utvendig areal

Innkøyrsle og biloppstillingsplass vert asfaltert, og det vert vert lagt beleggingsstein i inngangsparti. Carport er inkludert. Rundt huset kjem det singel i vel ei meters breidde, og delar av hagen vert planert med moldmassar isådd plenfrø. Eventuelle skrenter vert sikra.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en hyggeleg og uforpliktende bustadprat.