Ledig stilling: Vi søkjer to dyktige tømrarar

STORD: I over 120 år har Blink Hus Valvatne bygd husvære med berekraft, unytting av ressursar og eit solid handverk som fundament. Me har stor pågang på oppdrag innan nye einebustadar, tilbygg/påbygg og rehabilitering, og har mange spanande prosjekt på gang. Derfor søkjer me no etter to dyktige tømrarar med dokumentert erfaring og høg fagleg stoltheit.

Vi søkjer òg etter ein erfaren prosjekt- og byggjeleiar. Les meir her.


BLINK HUS VALVATNE: Er dette dine nye kollegaer?

Kvalifikasjonar:

  • Sveinebrev, kan kompenserast med lang erfaring.
  • Evne til å arbeida sjølvstendeg, men òg vere ein god lagspelar.
  • Førarkort klasse B.
  • God framstilling til både norsk skriftleg og munnleg.
  • Positiv og serviceinnstilt.

Hjå oss får du:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Gode løns-, forsikring- og pensjonsvilkår.

Søknad:

  • Kortfatta søknad kan sendast til dkl@valvatne.no . Mrk søknad med "Tømrar".
  • Søknadane vert behandla fortløpande og konfidensielt.
  • Tiltreding etter avtale

Er du interessert eller har spørsmål? Kontakt dagleg leiar Dag Kjetil Lægreid på +47 930 46 633 / dkl@valvatne.no

Dag Kjetil Lægreid
Dagleg leiar
Mobil tlf: 930 46 633
E-post: dkl@valvatne.no