I dette bygget på Ådland er det kun 2 ledige.

ÅDLAND / LEIRVIK: I Olvikvegen på Ådland, rett over vegen for Spar Ådland, har Blink Hus Valvatne seld 7 av 9 leilegheiter i eit nytt bustadbygg. - Me er godt nøgd med salet, fortel Bjørn Storebø, spesielt i ein litt krevjande marknad som i dag.

Arbeidet med leilegheitsbygget vart byrja våren 2017 og sluttført berre halvanna år etterpå.

Her har du godt med parkeringsplass og moglegheit for elbil-lading.

Matbutikk rett over vegen, samt barnehage og barneskule i nærområdet. I tillegg ligg nye Nordbygda ungdomsskule med idrettsanlegg og turløype, innanfor kort gangavstand.

Kven passar desse leilegheitene for eigentleg?

- Eg trur dei passar for folk i alle aldre og livssituasjoner, startar Storebø.

Seljaren hjå utbyggjar Blink Hus Valvatne har over 30 år som seljar og veit ein ting og to om kva Stordabuen vil ha.

- Her kan førstegongsetablerarar med små born få den gode starten på familielivet. Og seniorar som vil kvitta seg med einebustaden - men framleis ønskjer å vera nær borneborna - finna seg vel til rette, held Storebø fram.

Dette er lettstelte leilegheiter som krev minimalt med vedlikehald. Med heis i bygget får du ein enklare kvardag både for dei med barnevogn og deg med tunge bein, smiler han.

olviksvingen-utvendig-1

SKIKKELIG: I leilegheitsbygget på Ådland er det kun to av ni som ikkje er solgt. Den nedste til høgre og den i 3.etasje,i midten.

Kvaliteten ser du på leikeplassen

Det er 9 leilegheiter: Desse er ca.76 og 86m² som står ferdige på Ådland. Alle med to eller tre soverom, kombinert stove / kjøken, bad, entre, bod og sportsbod.

“Alt er særs nøye gjennomtenkt av arkitektane”, held Storebø ivrig fram, medan han peikar og forklarar.

- Me får tilbakemelding på at planløysinga er særs god og legg tilrette for ein enkel kvardagslogistikk. I tillegg er leilegheitene vestvendte som ikkje berre gjev deg utsikt, men naturleg lysinnslepp gjennom dei store vindauga. Du får også fine ettermiddagar og lange kveldar med sol på terrassen.

Utvendig har du som nevnt eigen terrasse, sportsbod og parkeringsplass, i tillegg til at uteområda er ferdig asfaltert og opparbeid med plen og beplantning.

uteområde-olviksvingen-1

SKIKKELEG: Leikeplassen og uteareala kan være eit kvalitesstempel eller ein indikator på kvaliteten på resten av prosjektet, fortell Bjørn Storebø. Her på Ådland framstår det som fullført og skikkeleg gjort, med opparbeidd leikeplass, plen og beplantning.

- Me prøver å leggje oss litt over snittet på kvalitetar, både innvendig og utvendig på prosjekta våre. Som utbyggjar vil me vere kjende for å gjere ting skikkeleg, og ser oss ikkje som ferdige før alt er i orden.

Leikeplassen er eigentleg eit godt døme, held Storebø fram. Ein bransjerøyndom er at du i kvaliteten på leikeplassen kan vurdera kvaliteten på heile prosjektet.

Korleis då?

- Jo, er lekeplassen forseggjort, er det eit kvalitetsstempel, men ser den uferdig ut, kan det vera teikn på ein utbyggjar som slurvar og hastar vidare til neste prosjekt så snart som råd er.

Her vonar eg me har gjort ein god jobb og at det merkast, seier Storebø tilslutt.

Les meir om prosjektet og dei ledige leilegheitene på Finn.no her.

Tekst og publisering: Byma.no

innvendig-illustrasjon-olviksvingen-1

GODT MED LYS: Vestvedt terrasse og stove gir godt med naturleg lys.