Eunike og Knut realiserte husdraumen i Sagvåg med lokal kvalitet

Med panoramautsikt over Storavatnet har Eunike og Knut Risnes bygd draumehuset sitt – med hjelp av Blinkhus Valvatne. – Her har fagfolka verkeleg lagt det vesle ekstra i alt som er gjort, seier ekteparet nøgd.

NØGDE: Eunike og Knut Risnes er svært nøgde med det nye huset sitt. - Me hadde hørt av andre at me var heldige om me fekk Terje som byggeledar. Det fekk me - og me vart ikkje skuffa.

Det er ein stor dag på Nysæterneset i Sagvåg når byggeleiar Terje Kristiansen frå Blinkhus Valvatne går gjennom det ferdig-stilte huset på overleveringa. - Det gode inntrykket me hadde av Blinkhus Valvatne vart bekrefta under heile byggeprosessen. Me er svært nøgde med jobben dei har gjort, og det heile har gått knirkefritt for seg, skryt Eunike og Knut Risnes.

NYBYGGET PÅ NYSÆTERNESET ligg heilt nede ved vatnet, eit steinkast unna Risnes sitt
gamle hus. Det nye huset ber preg av gjennomtenkte løysingar: takvindauge over kjøkkenet slepp inn ekstra lys, alt er bygd med livsløpstandard og alt på eitt plan,
og eit tak som skrår for betre romkjensle. Heilskapen er sydd saman i detaljane, som
lune veggfargar og svart utføring på lister og stikkontaktar.

Me kjøpte ein stor eigedom for 11 år sidan, og har heile tida hatt ein draum om å bygga på denne eigedomen sidan han ligg idyllisk til nede ved Storavatnet. Men det var først i mai 2019 at prosessen skaut fart, fortel Knut.

UTSIKT: Einebustaden ligg nydeleg til på Nysæterneset i Sagvåg med panoramautsikt over Storavatnet.

EKTEPARET LEITA LENGE etter draumehuset, og saumfor både huskatalogar, messer og internett utan å finna det rette huset for seg og si tomt. Det lausna då arkitekt Anders Rindom Christensen vart involvert i prosessen.

Det var viktig for oss at vår nye bustad skulle passa inn i terrenget, og at eigedomen skulle henga godt saman med den gamle. Arkitekten jobba ut i frå våre ynskje, forklarar Eunike.

- Me har budd i to hus tidlegare, og visste godt korleis me ville ha det, skyt Knut inn. - Me kjenner eigedomen vår og veit korleis sol- og vindforhold er. Difor har me vore tett på heile vegen.

GENIALT: Tre takvindauge over kjøkkenet slepp inn ekstra, naturleg lys.

VALET FALL PÅ Blinkhus Valvatne då teikningane skulle bli verkelegheit. - Me ynskja ein lokal leverandør som me veit at er der for oss om nokre år dersom ting oppstår i etterkant. Blinkhus Valvatne hadde me eit solid og godt inntrykk av: Dei står for kvalitet og var konkurransedyktige på pris. Det gode inntrykket vart bekrefta heile vegen i byggeprosessen, som me har fått følgja tett heile vegen, fortel Knut.

Prosessen har vore fantastisk kjekk. Me har opplevd høg fagleg kompetanse og god vegleiing heile tida, supplerer Eunike.

– Prosjektleiing og framdrift har gått knirkefritt for seg. Dialogen har vore god, og det har vore ryddig heile vegen i forbindelse med endringar og kostnadar knytt til desse. Salskonsulent Anders Titland og byggeleiar Terje Kristiansen har vore tilgjengelege for oss.

ERFAREN: Frå Blinkhus Valvatne har byggeleiar Terje Kristiansen (bilete) saman med salskonsulent Anders Titland hatt ei sentral rolle i prosessen.

Det har også blitt mange turar innom byggevarehuset, XL Bygg Valvatne i forbind
else med val av fargar, golv, dører og anna. Også her har dei opplevd svært god vegleiing og kompetanse.

- Me er svært nøgde med huset som no står ferdig, og gler oss til å starta kvardagen i draumehuset vårt. Me angrar ikkje på at me valde Blinkhus Valvatne, smiler ekteparet.

Har du tomt  du ynskjer å byggja på? Me har lang erfaring med frådeling og utbygging. Ta kontakt for ein uforpliktande prat med Anders (at@valvatne.no / 959 60 010) eller Bjørn (bs@valvatne.no / 982 89 939).

Sjå resten av bileta under

DYKTIGE: Stig Berge Presthaug (t.h) med hjelparar har vert innleigd på prosjektet og utført godt handverk.