Dette huset skal rivast nær Leirvik Sentrum

STORASLETTO / LEIRVIK: I eit eldre villastrøk på Storasletto, nærare bestemt Skotaberg nær Leirvik Sentrum, skal denne eldre einebustaden rivast for å gje plass til to moderne boligar. No håper utbyggjaren på positiv respons så dei får sett i gang.

- Vi trur dette blir attraktive einebustadar for barnefamiliar på jakt etter sin nye heim, fortel Bjørn Storebø (55).

Som selgjar for tradisjonsrike Blink Hus Valvatne, har han og kolega Anders Titland, dei siste åra seld fleire nye bustadar i området rundt Leirvik. Særleg i bustadfeltet på Langelandsstølen, like ved Heiane, har det gått unna.

No har dei prosjektert to innhaldsrike einebustadar i funkisstil på denne solrike tomta, tett på det meste, men samstundes skjerma frå sjølve sentrumskjerna på Leirvik.

storasletto-drone-1SENTRALT: Med plassering i enden av ein blindveg på Storasletto ligg boligane sentralt og solrikt til, men samtidig skjerma frå Leirvik sentrum.

Kva vil du trekkje fram som unikt med området her?

- Sei det! For det første er jo dette eit fantastisk fint område i seg sjølve. Solrikt og trygt i eit veletablert bustadområde. For det andre har du fem til ti minutters gange til servicetenester på Vikjo, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, i tillegg har du nærbutikken på Bjelland og Skogatufto barnehage, som ligg 100 meter borti gata her.

Så kvardagslogistikken for småbarn- og tenåringsforeldre bør forenklast betydeleg?

- Det kjem jo an på livssituasjonen, men eg vil tru det! Om det er til og frå barnehage, skule eller fritidsaktiviteter på ettermiddagen så ligg desse husværa sentralt og nært det meste.

storasletto-2PRAKTISK: Bustadene vert på heile 141m² + carport. Dette er innhaldsrike bustadar som gjev deg eit enkelt hushald.

Moderne funkisstil

Når det gjeld sjølve uttrykket på bustadene så blir dette tidsriktige hus i funkisstil.

Bustadene på 141m² + carport og utvendig sportsbod er tegna av Blink Hus Valvatne sin eigen arkitekt/tekniske teiknar Ove Vedøy, og tilpassa tomta for best mogleg utnytting.

- Vi har jobba mykje for å få ein funksjonell og god planløysing tilpassa barnefamilien sin travle kvardag. Difor er det lagt opp til tre soverom, hall, bad, bod og vaskerom med god storleik i første etasjen, fortel Bjørn. I tillegg får du ei stor open stove/kjøkken-løysing på heile 54m², nok eit bad, bod og utgang til terrasse på 30m² i andre etasjen. Og dersom du ønskjer det kan du enkelt også dele av eit ekstra soverom i sørdelen av stova.

Utvendig blir bustadene levert med carport og integrert sportsbod, belegningsstein ved inngangspartiet, grusa innkjørsel og planerte moldmassar sådd med plenfrø.

- For dei som ønskjer å setje sitt personlege preg på bustaden eller er opptekne av gunstigst mogleg pris så er vi fleksible både på eigeninnsats og tilvalg dersom ein er tidleg inne i prosessen.

Ring oss gjerne dersom du har spørsmål eller lurer på om dette kan vere noko for deg, så finn vi sikkert ei løysing, avsluttar Bjørn med eit smil.

Les meir om bolegane på Finn.no her.

Tekst og publisering: Byma.no

storasletto-1