Lokal kvalitet i over 120 år.

I 120 år har me bygd husvære. Det som starta med opp- gangssag på byrjinga av 1900-talet, er no gått over til meir moderne løysingar. Ideen og tanken bak er den same: Berekraft, utnytting av ressursar og eit solid handverk i botn. Visjonen vår er tidlaus og står seg – år etter år.

Med 120 år i bransjen, har me i Blink Hus Valvatne ei lang og solid erfaring å ta med i byggepprosjekta våre. Det viktigaste me har er våre tilsette - og alle 23 er like viktige for oss. Kanskje det er difor dei fleste har ein minimumsansienitet på over ti år? Me er stolte av å seia at nokre av oss nærmar seg 40 år i bedrifta.

Nokre hus er ein mellombels stoppestad. Andre hus vert ein trygg heim, kanskje med fleire generasjonar under same tak. Ein samlingsstad for slekt og vener. Eit hus der barndomen vert til og rammene rundt ein familie vert skapt. Ola Bremnes skriv det så godt i sangen «Folk i husan»: «Folk treng hus og hus treng folk i aill si ti.» Betre kan det ikkje seiast.

Sian oppstarten har me utvikla oss i takt med både samfunnet og alt rundt. Me tek sikte på å vera her, også i framtida. For me trur på bærekraft og miljøvenlige løysingar. Kvalitet føre kvantitet. Handtverket er ein tradisjon som no er nedarva i seks generasjonar. Me gler oss til framtida.

Administrasjonen:

Her er ansatte i administrasjonen:

Fra venstre: |Terje Kristiansen, byggeleiar | Dag Kjetil Lægreid, dagleg leiar | Ove Vedøy, teknisk konsulent | Solfrid Vesterheim, økonomi- og regnskapsansvarleg | Thomas Angel Langli, byggeleiar | Bjørn Storebø, salskonsulent | Anders Titland, salskonsulent | Jon A. Vedøy, Servicemedarbeidar |

Besøk oss her!

Vi held til i disse lokalene på adressen ringvegen 12, 5412 Stord, ta gjerne turen innom for ein hyggeleg bustadprat!

Når husdraumen skal gjerast til verkelegheit, er det viktig å velja ein samarbeidspartnar du kan stola på. Ein samarbeidspartnar som ordnar alt du har tenkt på – og alt du ikkje visste måtte gjerast. Vi har nå i over ett århundre levert solid hand- verk og gode løysingar i regionen vår. Du kan difor vera trygg på at me ut- fører eit godt og solid stykke arbeid i heile «byggeriet.» Ring oss, så skal me hjelpa deg å realisere husdraumen på best muleg måte.

Valvatne-gruppa

Blink Hus Valvatne er ein av fire selskapar i Valvatne-gruppa. Ta en titt på www.valvatne.no for meir informasjon om korleis andre selskaper som inngår i gruppa og synergieffekter vi i Blink Hus Valvatne får for det.

Sjå filmen som oppsumerar vår historie så langt